• Sertifisert Master Coach frå Leadership By Heart Academy.

  • Yogainstruktør - Kundalini Awakening yoga by Gloria Latham.

  • Energi arbeid - Kiriaki energi, av Martinsen / Loeng

  • Forvandlingsprosesser med spirituell og forskingsbasert tankearbeid - Neste Nivå av Anne B. Øyen. (pågåande).

  • Ambulansefagarbeidar.

UTDANNING

Litt om meg, utfordringar
og gåvene i dei

I mitt virke som coach og energiarbeidar bruker eg verktøy frå mine utdanningar og mi livserfaring. Personlege erfaringar med mellom anna utbrenthet og alvorleg kneskade, førte til ei stor omstilling og nye perspektiver på livet mitt. Trengte å løfte meg sjølv oppatt og valde coach utdanning via Leadership By Heart Academy.

Desse verktøya vart, og er, for meg særs effektive og eg kjente at denne “kvardags-magien” vil eg gi vidare. Dele vidare til andre som treng støtte i sin prosess med å løfte seg ut og opp. Kva enn di historie er.

Det gir meg driv og mykje glede å sjå folk blomstre og meistre sin kvardag ved å velge endring til noko betre for seg.

Eg valde etterkvart å fylle på “verktøykassa” med utdanning innan yoga- , tanke- og energiarbeid, og desse fire er i dag min kvardag og mitt virke, som eg vil elske å dele med deg, fordi du og fortener å nå ditt potensial.

FRÅ OFFEROLLE TIL KVARDAGSMEiSTRING

Det er 2014, eg sit i sofaen i stua mi, er oppgitt, trist og lei, desperat etter endring. Veit at no er alt opp til meg.

Og medan eg sit der, får eg ei innsikt om at den hjelpa eg er tilbudt, skal eg ta i mot.

Tillate meg å lære verktøy og prosesser som skaper store endringar. Sjølv om eg undervegs opplever både pengefrykt, usikkerhet, smerte og “enn om hvis at”, går eg for dette, EG HAR INGENTING Å TAPE.

Det skjer, for meg, store ting, ein heilhetlig vekst kor eg forstår egenansvar i alle aspekter av meg, på eit heilt anna og nytt nivå.

Ei omprogrammering av fysisk, mental og emosjonelle tilstander. Lettere å lytte til og ta signal frå kroppen. Oppdagar at tilgivelse av meg sjølv og andre, for min egen del, skaper magi i kvardagen.

Slippe tak i usikkerhet, både min egen og den eg bærer for andre. Kjenne på min indre ryggleik, krafta mi og stå stødig her. Livet er før og etter denne utdanninga.

Eg innser at dette vil eg gi vidare, viktigheta av å støtte medmennesket i å ta fullt ansvar for heile seg.

Og så privilegert er eg no. Som coach får eg gleda av å løfte fleire menneske til deira potensial, inn til deira smertefrie liv og heilhetlig vekst ved bruk av nettopp dei verktøyene og systemene eg lærte meg. Oppdage storheten i deg sjølv.

“Livet er før og etter utdanningane. Verktøyene eg har lært, har du mulighet til å dra nytte av. Saman transformerer vi dine negative fastlåste energiar til positive støttende energiar”

-Mentor Trude